Frå svunnen tid – saksa frå årsmeldinga til friidrettsgruppa for 1981.
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Nov 2010
Velledalen IL deltok i mange stafettar, og hadde også faste treningar for vaksne to kveldar kvar veke på vårparten.
Etter som det ikkje eksisterte skikkeleg friidrettsgruppe i laget, var det Terje Aurdal og Atle Hole som organiserte det som hadde med stafettane å gjere.
Eldprøva var Breimstafetten, der laget til Velledalen IL tok ein fin 3.plass i klasse B. Tida var vi òg nøgde med – 29 sekund betre enn i fjor.
I Holmenkollstafetten vart det 121.plass av knapt 300 lag i vår klasse. Tida vart 54.42 – nøyaktig to og eit halvt minutt betre enn året før. Vidare vart det:
3.plass i ”Hønndøls-stafetten”
5.plass i Patchellstafetten
5.plass i Sunnylvsstafetten
I Patchellstafetten skreiv Velledalen IL historie, då dei for fyrste gong i nyare tid stabla på beina eit damelag. Einaste motstandar var Stranda, men velledølene vann – sjølvsagt !!
Desse sporty jentene var med:
Benedikte Holmberg
Bente Brunstad
Inger Riksheim
Gerd S. Rausand
Ann Kristin Hole