Brutto omsetningsrekord på Førjulsmessa
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Nov 2010
Det kom ikkje heilt overraskande at kasserar Asgeir Rausand kunne melde om ny brutto omsetningsrekord for den 18. Førjulsmessa.
Det var nemleg gjort nokre små justeringar før årets messe. Prisen på tombolalodd var sett opp frå 2,0 kroner til 2,50. Dette utgjorde den største vekstfaktoren på kring 5000 kroner.
Vidare var standleiga sett opp med 100 kroner pr. stand. For den som går i tankar om å stille som utstillar neste år, kan vi nemne at dagsprisen er 400 kroner oppe, og 350 kroner pr. dag i kjellaren. Medrekna i denne prisen er litt gratis mat – to koppar kaffi, to sveler, to rundstykke og to kakestykke om utstillaren er åleine, det doble om dei er to personar. Det er òg mogleg å få mindre standar og dermed betale mindre.
Tilbakemeldingane frå utstillarane var gjennomgåande gode. Mange selde godt. Desse er spesielt nøgde med at standleiga ikkje er prosentbasert i høve til utstillaren sitt sal, slik det er på ein god del andre messer.
På minussida kjem at ein må gå ut og rundt huset - i bratt nedoverbakke - for å kome til kjellarsalen begge dagar. Dette vart kritisert i fjor då det snøa mykje og
synspunkta var ikkje færre i år på glatta. Heldigvis hadde sandstrøkomitéen gjort ein god jobb. Her ligg det nok an til eit møte med symjehallstyret med tanke på neste år.
Elles vart det klaga på mangel av betalingsterminal for kort. Ei rimeleg klage, ettersom det er grunn til å tru at utstillarane sitt sal hadde auka om slikt fanst i huset.
Send gjerne innspel vedkomande årets messe til VRF eller V.I.L., eller du kan sende tankane dine gjennom gjesteboka.
Svært mange personar var i aksjon både før messa og dei to dagane den varte. Mykje godt dugnadsarbeid vart utført, hundrevis av kaffikoppar og delikate kaker glei ned, fullt og heilt utan tanke på produksjonsstad. Drøsen gjekk, anten ein låg i barnevogn eller var langt over 90. Her var ingen stengde ute og det var gratis å stige over dørstokken. Nettopp i desse to momenta ligg Førjulsmessa sin største suksessfaktor gjennom 18 år.
Takk til dugnadsfolket!
Takk til alle som såg innom oss!