”Klubben i mitt hjerte – V.I.L. best i Sykkylven
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Nov 2010
Nok ein gong var det Velledalen IL som samla mest stemmer av laga i Sykkylven kommune under den store kåringa ”Klubben i mitt hjerte”
Men vi kom ikkje opp på fjorårsnivået, då vi sanka 90 stemmer. I år måtte vi nøye oss med 69, men også det heldt til ei flott plassering i klassa for fleiridrettslag under 500 medlemar. Vi kjem tilbake med fullstendig resultatliste seinare. I denne omgang tek vi med stemmetalet for dei fleste klubbane i Sykkylven kommune.
69 stemmer Velledalen IL
19 stemmer Ikornnes IL
19 stemmer Hundeidvik IL
11 stemmer VRF
7 stemmer FK Sykkylven
7 stemmer Sykkylven IL