Klart for Førjulsmesse nummer 18

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Nov 2010

Tombolalevering fredag kveld i tidsrommet 1900-2100 er fyrste viktige post under årets messe.



Kvar vinst skal ha ein verdi av minst 20 kroner. Elles er det fullt belegg begge dagar. I alt 30 utstillarar, dei fleste av desse deltek begge dagar.



Som før vert det gratis inngang. Vi reknar med folk støttar arrangørane nok gjennom tombola, loddsal på bøker og kjøp av mat og kaffi. Men det er viktig at publikum handlar av utstillarane. Er salet labert, er det naturleg at utstillarane prøver ein annan stad neste år. Det kryr nemleg av liknande messer.



Det mest spennande no like før, er dei elendige forholda i uteområdet kring grendahuset. Verst er det at det er symjing både laurdag og sundag, slik at folk må ut, og i kraftig unnabakke for å kome seg i kjellarsalen. Vi reknar med at det er utleigaren si plikt og syte for forsvarlege forhold. Det vert ingen liten jobb slik det ser ut i dag. Vêrmeldingane for helga seier kaldt, stabilt vêr