Bru over Tudalselva
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Nov 2010
Sykkylven kommune har eit eldorado for vintersport i Ladalen, takka vere imponerande dugnadsånd frå privatpersonar.
Vi veit at skisenteret har over 100 frivillige i sine rekker. Men denne gongen skal vi fokusere på karane som siste tida har bygt bru over Tudalselva. Ei solid bru som fint toler vekta av ei trakkemaskin. I går kom toppdekke på plass. Dermed var det nye kryssingspunket av Tudalselva eit faktum
Torgeir Vikstad var hyra inn som bas. Dermed var det fagmessige i trygge hender. Elles vart jobben gjort av velvillige sjeler frå SIL og VIL. Då VIL-nettsida var på besøk i går fann vi fylgjande karer frå vårt lag i aksjon.
Pål Rune Fet, Svein Helge Hjorthol, Håkon Fedt. I tilegg har Svein Arne Nakken vore ein primus motor i arbeidet bak denne brua og fleire andre.
BRA JOBBA, KARAR!