Gratulerer med ekteskapet, Odd!
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Nov 2010
I dag går Odd Jostein Drotninghaug inn i ekteskapet. Den utkåra er Grethe Aure. At Odd Jostein har ei fortid som idrettsutøvar i Velledalen IL var det kanskje ikkje alle som visste.
-
Ekteskapet er som å kome inn i ei rundkøyring det er vanskeleg å kome seg ut av, sa ei velledalskvinne ein gong til meg. Ho har for øvrig kome seg ut no, berre så det er nemnt.
Odd Jostein var skiløpar, eller langrennsløpar om du vil i yngre år. Som 1966-modell hadde han på lokalt plan to harde konkurrentar i Svein Arne Nakken og Roger Malvin Hole. Dette trekløveret, med kvar sin servicemann, fighta gnallhardt om å vere VIL sin beste løpar i sin årgang. Og dei veksla på å gjere det best.
For å dokumentere Odd sin aktivitet har vi leita fram årsmeldinga frå 1981 – langrennsgruppa si årsmelding. I dette styret sat Hallstein Drabløs, Bård Erstad, Svein Hjorthol, Jan Bolstad og Bjørn Lade. Frå årsmeldinga saksar vi fylgjande:
”Gutar 14 år:
Odd Jostein Drotninghaug: Opna sesongen med to 1. plassar, men fall litt av mot slutten av sesongen.
Roger Hole: Fleire premieplasseringar, med bra avslutning av sesongen”
Svein Arne Nakken var ikkje nemnd, kanskje hadde han eit kvileår akkurat i 1981..?. Truleg har ikkje Odd og Roger nytta same treningsopplegget sidan dei hadde stikk motsett utvikling gjennom sesongen. Det kan kanskje d
velast litt ved neste gong dei møtest.
Og til sist nemner vi at Leiv Drotninghaug sat i VIL sitt hovudstyre same år.
Men i dag er det bryllaup som tel – ikkje skiminne.
Og kjenner vi Odd rett kjem han til å bli i ”rundkøyringa” resten av livet.
Idrettslaget gratulerer med dagen både til Odd, bruda, Irene og Leiv !