Slugger på Velle- og Brunstadsætra nummer 9
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Nov 2010
Dama på 9.plass på poengbørsen til trimgruppa ser ut til å trivast best på Velle og Brunstad.
I alle fall er det dit ho går, dama som bur på Brunstad, men som opprinnleg kjem frå Ikornnes. 100 turar på Vellesætra og 88 på Brunstadsætra kling absolutt bra. I tillegg har ho fleska til med fire turar på Koppen og like mange i skogsvegen på Hjorthol.
Vi gratulerer med dette Torhild Horsevik Skogvold med 9.plassen. Ho har vore fast inne på topp-10 lista år etter år. I fylgje trimgruppa har Torhild siste året gjort 196 turar og samla nøyaktig 1100 poeng.
I morgon, kjære lesar, då får du greie på kven som vart nummer åtte. Rykta seier det skal vere ein mann som passerte tenåra i forrige hundreår.
9. Torhild Horsevik Skogvold 1100 poeng
10. Nils Terje Skylstad 1042 poeng
11. Grethe Fet 1011 poeng