Såg du Mary Døving i dag…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Nov 2010
Det var stort bilete av henne i Sunnmørsposten i dag, og ho kjem til VRF/VIL si Førjulsmesse tredje helga i november.
Mary Døving er frå Skodje, og var i helga deltakar på husflidmessa i Storfjord Kulturhus på Stranda.
Vi nemner òg at Dina Kolås kjem til messa sundag 21. november. Ho står ikkje i dei tidlegare oversiktene vi har presentert. Kolås kjem frå Åmdal i Ørsta kommune og er kjend mellom anna for sine fine ullbilete.