Steik, før et marked her e!
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Okt 2010
Før du les vidare bør du sikre deg. Bind deg gjerne fast i ein stol eller liknande.
Steik, før et marked her e, sa Bjørn Asle Lade for knappe 30 år sidan. Han var på Union Hotell på Øye, og selde hesteskokastarhattar for 15 kroner stykket ut gjennom eit hotellvindauge på bakkeplan – ein fredagskveld eller kanskje var det laurdag. Uansett, salet gjekk glimrande.
Ikkje veit vi, men kanskje sa trimgruppa det same om resultata frå trimposten Brune i Straumgjerde i fjor. Då var ikkje posten operativ meir enn halve sesongen, men trimgruppa kunne ikkje unngå å legge merke potensialet - det var ovstort.
Dette året har laget sin ferskaste post fått delteke heile året. Med formidabelt resultat. Tre trimbøker har gått med, på posten som enda på 4135 noteringar. Steik, for eit marked !!
Og no bør alle halde seg fast, her kjem topp-5 frå trimposten Brune i Straumgjerde.
555 turar: Inger Anne Riksheim
455 turar: Solveig Olsen
376 turar: Vigdis Fure
307 turar: Kjell Olsen
109 turar: Kjell Glomset
Som ein ser: Hadde ein gått til denne posten kvar einaste dag året rundt hadde det likevel berre vore godt nok til fjerdeplass !! Einaste vi kan gjere er å gratulere med innsatsen
Her kjem sluttoversikta for VIL sine 13 trimpostar trimåret 2009/2010.
Brune Straumgjerde 4135 noteringar
Brunstadsætra 2786
Dammen Riksheimdalen 1787
Vellesætra 1664
Sætreelva i Holemarka 1322
Skogsvegen Fet 1190
Skogsvegen Hjorthol 698
Regndalen 419
Myrdalsfjellet 348
Koppen 284
Skogsvegen drabløs 144
Holetindane 112
Høgsætra Fet 91