Elling knekte kona

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Okt 2010

Med 1322 noteringar vart trimposten ved Sætreelva i Holemarka den femte beste siste året. Elling Hole var flittigaste gjesten ved posten.



Dermed tok han sin andre ”tittel” dette året. Som før meldt heldt 44 turar til Myrdalsfjellet til topp-plassering der. I Holemarka fekk han hardast konkurranse av kona Ingrid. Vi merker oss at systra til Elling, Kjellaug Ulset, tok femteplassen på posten. Men eit reint familieoppgjer var det ikkje. Her er resultata:


142 turar: Elling Hole


107 turar: Ingrid Hole


105 turar: Nils Terje Skylstad

  83 turar: Susanne Osnes

  80 turar: Kjellaug Ulset



Posten på fjerdeplass vert presentert i morgon



5. Sætreelva i Holemarka 1322 noteringar


6. Skogsvegen Fet 1190


7. Skogsvegen Hjorthol 698


8. Regndalen 419


9. Myrdalsfjellet 348


10. Koppen 284


11. Skogsvegen Drabløs 144


12. Holetindane 112


13. Høgsætra Fet 91