Førjulsmessa – gevinst på bok
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Okt 2010
20. og 21. november arrangerer VRF/VIL den årlege førjulsmessa i grendahuset. Har nokon lyst til å gi gevinst til loddsal på bok er det høve til det.
I fall nokon har noko – må vere i prisklasse 100 +++ - må dei snarast ta kontakt med Aina Petrine Holmberg eller Linn Tove Akselvoll Lade. Bøkene skal nemleg snart på bygda, så det hastar. I alt vert det tolv gevinstar i ulike prisklasser, med ein totalverdi på knappe 5000 kroner.