Tetskifte langs skogsvegen på Fet

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Okt 2010

Ragnhild Fet har i fleire sesongar vore den ivrigaste til denne trimposten. Men i år var det ei anna Fet-dame som gjekk mest.



Skogsvegen på Fet ligg midt på treet når det gjeld besøk. I år vart det sjetteplass med 1190 noteringar. Av desse stod Grethe Fet for 214. Ein sterk prestasjon, men vi snakkar om ei dame som har greitt idrettsmerkeprøvene kring 50 gonger, så det var absolutt ingen sensasjon.



Elles er det verdt å merke seg at skogsvegen Fet har fem damer på topp-5 lista. Alle fem er busette på Fet. Det kallar vi godt jobba av nærmiljøet.



Her er resultata:


214 turar: Grethe Fet


184 turar: Ragnhild Fet


171 turar: Turid Bøkestad Fet


128 turar: Astrid L. Drabløs

  84 turar: Margit Fet



I morgon presenterer vi trimposten
   som tok femteplassen


6. Skogsvegen Fet 1190 noteringar


7. Skogsvegen Hjorthol 698


8. Regndalen 419


9. Myrdalsfjellet 348


10.Koppen 284


11.Skogsvegen Drabløs 144


12.Holetindane 112


13.Høgsætra 91