Utflytta Aure-kjelle trivst i velledalsskogane

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Okt 2010

Skogsvegen på Hjorthol samla 698 noteringar siste året. Anita Hjorthol stod for 154 av desse.



Dermed toppa ho begge postane i skogane på Hjorthol. I motsetning til i Regndalen, er det kvinnene som dominerer i skogsvegen på Hjorthol. 80 prosent av topp-5 er damer i sin beste alder. Ein vert ikkje rik i poeng av å gå til denne posten. To poeng pr. tur er fangsten, men så er det då heller ingen tung tur.


Her er resultata:


154 turar: Anita Hjorthol


106 turar: Hanne Oline Ulset

  79 turar: Ingrid Brudevoll

  44 turar: Elisabeth Urke

  25 turar: Jan Lade



I morgon presenterer vi trimposten på sjetteplass



7. Skogsvegen Hjorthol 698 noteringar


8. Regndalen 419


9. Myrdalsfjellet 348


10. Koppen 284


11.Skogsvegen Drabløs 144


12.Holetindane 112


13. Høgsætra 91