Marit Hole jubilerer i dag
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Okt 2010
Marit Hole var fråverande under VIL sitt styremøte i dag. Det hadde sin naturlege grunn då jenta runda 50 år.
Velledalen IL gratulerer så mykje med dagen. Marit kom inn i Hovudstyret ved årsmøtet for eit knapt år sidan. Ho er såleis ikkje på val ved neste årsmøte i februar 2011. Det må òg nemnast at Marit, dotter av Magnhild og Paul Hole, har solid fartstid frå trimgruppa i VIL. Og berre for å ha nemnt det; faren var VIL sin fyrste KM-vinnar på 1500 meter i juniorklassa i 1949.