Denne helga dreier det seg om lokalt næringsliv.
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Okt 2010
Siste dagane har fire nye utstillarar meldt seg på, så no byrjar det bli trangt om saligheita.
Årets messe vert som før meldt arrangert 20. og 21. november. Det meste av grendahuset vert teke i bruk med utstillarar i kjellarsal, vestibyle og hovudsal. Totalt greier ein presse inn litt i overkant av 25 utstillarar, alt etter kor romfrekke dei er.
Arrangøren VRF/VIL har no 25 utstillarar på listene. Men på grunn av at nokre vert med berre ein dag, har vi i alle fall eit par ledige plassar. Men no byrjar det haste, ingen tvil om det. Veit du om nokon som vil delta, må dei hive seg rundt ganske kjapt.
Påmelding til: atlehole@online.no, eller tlf. 70 25 07 49 – 917 43 761