Alle trimbøker skifta
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Okt 2010
Ein ny trimsesong er i gang. Dei gamle bøkene er samla inn, nye er lagt ut.
Det betyr at nettsida i dei næraste dagane vil kome med resultat frå dei 13 postane. Ein ny post for kvar dag. Deretter vil samanlagtresultata bli lagt ut.
-Totalt sett var oppslutningen litt mindre enn i fjor. Ikkje så unaturleg då snøen låg lenge, og månadane mai, juni og juli var ikkje spesielt gode vêrmessig. Vi tok nok att noko av dette i august og september som var fine , seier trimgruppeleiar Nils Terje Skylstad, som på noverande tidspunkt ikkje vil røpe kven som vart samanlagtvinnar.