Sverre Gunnar i Berlin
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Okt 2010
Somme kan i ”nødens stund” strekkje seg så lang at dei spring etter det motsette kjønn, andre spring maraton
Sverre Gunnar Brunstad høyrer til sistnemnde kategori, sjølv om han ikkje lenger er nokon ungdom(40+) Brunstadekspressen har nyleg vore i Berlin. Der sprang han full maratondistanse (42195 meter).
Sverre Gunnar fortel til VIL-sida at løpet vart avvikla i regnvêr og 12 plussgrader. Det deltok litt fleire enn i Konradløpet, nemleg kring 40 000
Sluttida til Bø-Sverre jr vart sterke 2.48.38. For den som likar rekne gjennomsnittsfart kan vi nemne at snittet blir 15 kilometer i timen, eller 3.59 pr. kilometer.
Det seier oss at mannen er i knakande god form.