VRF-dommar i cupfinale
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Okt 2010
I går vart NM-finalen i klasse J 16 spela på Høddvoll, der IL Hødd møtte Lyn Fotball.
Sjølve kampen enda 0-2. Oslojentene var raske, fysisk sterke, mest pasningssikre, og nærare tremålssiger enn Hødd var redusering.
Det lokale innslaget under kampen kom på dommarsida. Frå tribuneplass kunne over 1300 (!)
tilskodarar registrere at Tove Marie Tandstad var stødig som fjell med lystavla. Tove var fjerdedommar i kampen som vart leia av Karoline Gundersen frå Kløfta. Og speakertenesta på Høddvoll svikta ikkje. Den kunngjorde med klar røyst at fjerdedommaren kom frå Velledalen og Ringen fotballag.
Men det stoppar ikkje her. Hugsar du Tanja Borvik frå gamle dagar..? VRF-spelar og ein av dei fyrste jentedommarane (kanskje den fyrste) på Sunnmøre. Ho heiter no Tanja Borvik Skog og er lagleiar (før oppmann) for Hødd-jentene som tok sølv. Og det vart meir sølv i familien Borvik Skog. Dotter til Tanja, Kamilla, spelar på laget. Ho fekk med seg sluttminutta av finalen.
Som de skjønar godtfolk; etterdønningane etter tradisjonsrike VRF har ikkje stilna heilt.