”Ørner” har jubilert
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Okt 2010
Kjell Arild Heggdal, Velledalen IL sin einaste offisielle NM-vinnar, har nettopp jubilert.
Alt i 1986 viste Kjell Arild talentet sitt – i hesteskokasting. Guten hadde enno ikkje passert 16 år då han dette året delte samanlagtsigeren i Noregscupen med Torgeir Årdal.
Sju år seinare fekk han fullklaff under NM. Det var i Hobøl, og greina var singlekasting. Kjell Arild var berre ungdomen (nærma seg 23), då han klatra heilt til topps i finalen. Ein sterk prestasjon som klubbmedlemane våre aldri bør gløyme.
I helga passerte Kjell Arild 40 år. Vi kan ikkje gjere anna enn gratulere.
Same helg passerte ei anna ”ørn” 50 år. Svein Ole Sørensen er best kjend frå det sportslege plan som fotballdommar for VRF. Eit verv han utfører med stor autoritet.
Unge herr Sørensen vert rekna som Sunnmøre fotballkrets sin best betalte dommer. Ikkje i totale kroner pr. sesong, men i kroner pr. tilbakelagt meter pr. kamp. Vi presiserer at denne statistikken er uoffisiell, men tek likevel omsyn til ei rekkje faktorar, som dommaren sitt personlege utstyr (dyre/billege sko, eksklusive sveitteband, dyrekjøpte dommarfløyter med meir).
Vi gratulerer Svein Ole når han no etter alle solemerke skrid inn i sin siste 50 års bolk på sunnmørske fotballbaner.