1848 grasrotkroner i september

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Okt 2010

Det er ikkje månadsrekord, men det er kjærkomne pengar i lagskassa. Takk til alle som har brukt Velledalen IL sitt organisasjonsnummer (975 671 984).



Om ikkje septembersummen er ny rekord, så kan vi likevel notere rekord på eit anna felt. VIL har no 68 registrerte støttespelarar som har VIL som sitt Grasrotlag. Den gamle rekorden lydde på 67. Eit bra tal med ei total medlemsmasse like i overkant av 200.




Normalt sett er månadane fram mot jul gode tippemånader. Og det kjem vel med etter som laget fekk 10 000 kroner mindre i aktivitetsmidlar frå staten i 2010 i høve til 2009. Ein del av denne reduksjonen skuldast at fleirtalet i Sykkylven idrettsråd la om praksisen kring tildelinga, med det resultat at idrettsskulen fekk 4000 kroner mindre enn tidlegare. I tillegg var potten til fordeling mindre i år enn i fjor.