Kanonløp av Nancy
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Sep 2010
Velledalen IL var representert i Oslo Maraton sist helg, der N
ancy Eggen sprang halvmaraton i klasse 40-44 år.
Eit maratonløp er 42 195 meter – halvmaraton halvparten. Nancy sprang med andre ord litt over 21 kilometer, i ei klasse med 346 deltakarar! Då seier det seg sjølv at det er ein framifrå sportsleg prestasjon å bli nummer 23 !. Tida til Nancy var 1.44.01, eit kilometersnitt på 4,55 minutt. Det blir som å springe fem Konradløp i strekk med ei tid på 22.30 på kvar av dei. Då reknar vi med prestasjonen er plassert
Elles ser vi av resultatlista at det på 115. plass står ei dame med namn Guro Ødegård. Vi veit ikkje om det er Magnus/Oddhild-dottera. Tida 1.56.14 er uansett opphav høgst respektabel. Berre for å ha nemnt det; løparen som kom inn på 346 plass i klassa brukte 3.14.45.