Fleire av velledalsætt i Birkebeinerløpet.?
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Sep 2010
Rolf Haxthow og Olaf Øien er åleine om å representere Velledalen IL under Birkebeinerløpet i dag, men der er fleire utøvarar med velledalsblod i kroppen.
No har vi ikkje oversikt over alle. Difor vil vi gjerne ha tips i løpet av helga om det finst andre deltakarar av same kategori som dei vi her nemner. Roger Malvin Hole er som dei fleste veit son til Elling og Ingrid Hole. I dag strammar han joggeskoreimane for Gjelleråsen IF, og kastar seg ut i klasse 40-44 år med startnummer 3105 på brystkassa. Dei to døtrene hans, Oda Alette og Mathilde deltek i ei kortare utgåve.
Frå Emblem IL deltek eit fint knippe utøvarar, mellom dei Torstein Hole. Son til Torleiv og Solveig Hole, og bror til Torild som bur i Knutgarden på Hole. Han har til liks med Rolf delteke i rennet og sykkelrittet tidlegare
i 2010. I dag kan han bli Super-Birkebeiner, noko han alt har blitt i tidlegare årgangar.