Fokus på Olaf og Rolf
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Sep 2010
Bilete er frå 2009
Denne helga vert Birkebeinerløpet arrangert. Rolf Haxthow og Olaf Øien er å finne på deltakarlista.
Birkebeinerløpet har start på Sjusjøen og målgang i Lillehammer. Totalt er løpet på 21 kilometer – med andre ord ein halvmaraton i lengde. Årets utgåve er den 13. i rekkja
Det er med andre ord to skikkelege veteranar som skal representere VIL i dette løpet. Olaf deltek i klasse 65-69 år, Rolf i 55-59 år. For Rolf sin del markerer løpet avslutningen på ei allsidig styrkeprøve. Han har tidlegare i år fullført Birkebeinerrennet og Birkebeinerrittet i fin stil. Med løpet i helga er trippelen i hamn.
Løpet er nok det mest moderate av dei tre styrkeprøvene, så neste år håper vi laget vårt vert representert med fleire løparar. Vi reknar med å kunne melde resultat frå Birkebeinerløpet før helga er omme – så følg med.