Asbjørn har runda 60

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Sep 2010

Asbjørn Tandstad, styremedlem i VIL-langrenn, har nyleg runda 60 år.



Vi snakkar om ein sprek 60-åring. Han har delteke både i Konradløpet og Konrad Extrem i jubileumsåret. Idrettvener, med Terje Aurdal i spissen, jobbar med eit høveleg skirenn for Asbjørn til vinteren. Slik det no ser ut, vert mest truleg Asbjørn Tandstad send til Tsjekkia komande vinter, i lag med andre skiløparar frå Sunnmøre. Der skal han delta i eit passeleg langt turlangrenn.




Ynskjer du vere med på denne gåva til jubilanten er det fullt muleg. Turen til Asbjørn er enno ikkje fullfinansiert. Ta i så fall kontakt med Terje Aurdal (70 25 33 45 –918 66 226)