Eivind Fet nummer fire i Varden Opp.
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Sep 2010
Motbakkeløp er det mest kvar helg i sommarhalvåret. No er sesongen på hell, men sist helg vart Varden Opp arrangert i Langevåg.
Ikkje av dei tøffaste motbakkeløpa, men det krev sin mann/kvinne. Eivind Fet og Widar Fure representerte VIL, og gjorde ein flott innsats. Eivind vart nummer fire i klasse 40-44 år med tida 50.27. Widar vart nummer sju i same klasse med 57.19.
Jo André Tandstad deltok i den hardaste og største klassa (23-39 år). Han vart her nummer tolv, med tida 56.55 – 24 sekund føre Widar.
Motbakkeveteran Nils Terje Skylstad hadde òg planar om deltaking, men vart råka av sjukdom og måtte melde pass denne gongen.