Lita interesse for Tour de Sykkylven
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Sep 2010
Tour de Sykkylven, stafetten som skulle arrangerast laurdag 11. september er avlyst. Grunn: For få påmelde lag
Det er Svein Arne Nakken i arrangementskomitéen som opplyser dette til nettsida. I jomfrustafetten i fjor mønstra fire lag. Komitéen hadde sett fem lag som minimum for årets arrangement. Det fekk ein ikkje, og dermed er det duka for andre gjeremål fyrstkomande laurdag. Denne stafetten, der dei fleste etappane er sykkel eller løp, er eit samarbeidsprosjekt mellom Sykkylven Sykkelklubb og Velledalen IL
Etter denne avlysinga vart kjend, har det frå ulikt hald kome ynskje om å ta opp att Ramstaddalsløpet, ein klubbstafett på kring fem mil. Denne er avvikla tre gonger tidlegare med kring 50 deltakarar - alt frå knøttsmå ungar til personar over 80 år på laget.