Hilde nummer ni i UM

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Sep 2010

171 klubbar var representert under UM i friidrett i Molde sist helg. Ein av desse klubbane var Velledalen IL, med Hilde Riksheim Tandstad.



Ho hadde tidlegare i sesongen greidd kvalifiseringskravet både på 800 meter og 3000 meter. Men ho har ikkje fått gjort førebuingane til stemnet slik ho helst ynskte.


-
  
 Nei, eg har slite med eit kne – såkalla langdistansekne. Difor har eg ikkje fått trena optimalt. Det har særleg gått utover fartstreninga, seier ei likevel rimeleg bar nøgd Hilde i etterkant av UM


-
  
 Det er det største eg har vore med på på friidrettsbana. Ein vert inspirert av å delta saman med så mange andre spreke ungdomar, men enno kjekkare hadde det vore om forma var så god at eg kunne truga dei personlege rekordane mine.



Fredag starta Hilde på 3000 meter, men måtte diverre bryte på grunn av knesmerter. Men ho beit tennene saman og satsa på nytt sundag, då 800 meter stod på programmet for klassa 18-19 år. Her kom ho på ein høgst respektabel 9. plass i finalen med 2.29.90 – kring fire sekund bak eigen personleg rekord. Hilde var einaste jente frå Møre og Romsdal i denne finalen, som vart vunnen av Sigrid Jervell Våg, Trondheim Friidrett, på 2.18.04



Og vi berre nemner det; Hilde er den fyrste frå Velledalen IL som har delteke i eit friidretts-UM, der det å kvalifisere seg, i seg sjølv er ein god prestasjon