Per Steinar beste sykkylving i Alperittet
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Sep 2010
Det 42 kilometer lange Alperittet på Stranda vart arrangert laurdag. Så vidt vi veit var Per Steinar Linga einaste velledaling gjennom den lengste løypa og vart best av sykkylvingane.
Per Steinar kom i mål på tida 1.31.34. det heldt til fjerdeplass i klasse 20-39 år. Totalvinnar vart Ola Inge Drøpping, Nesset CK Elite, med tida 1.24 22.
Sykkylven sykkelklubb hadde med ein fin tropp og vi nemner dei nest beste bak ein nokså suveren Linga.
I same klasse (20-39) var Eldar Kurseth nummer sju på fine 1.36.14. Av dei litt eldre vart det andreplass på Arild Mjeltevik i klasse 40-49 år med tida 1.36.10 (nest beste sykkylving). I same klasse noterte Frode Lauvstad sterke 1.36.22, som heldt til tredjeplass i klassa.