Birkebeinerrittet i helga
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Aug 2010
Tusenvis av syklistar skal i helga trø frå Rena til Lillehammer
Vi har på langt nær full oversikt over lokale deltakarar. Men vi veit at VIL-medlem Rolf Haxthow skal delta. Han har tidlegare i 2010 gått Birkebeinerrennet på ski, no skal han sykle og han skal ta Birkebeinerløpet. Alt på èin sesong. Dette er det berre dei tøffaste som maktar.
Jan Halvard Holmøy vann Fetvatnet Rundt som oppvarming til sin debut i Birkebeinerrittet. Vi ynskjer lukke til, og same helsing sender vi til Per Steinar Linga som vi reknar med er å finne på startstreken, som så mange gonger før.