VRF G-11 helsar heim frå Hellesylt
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Aug 2010
VRF sitt G-11 lag i 5-ar fotball spela i dag kamp mot Sunnylven. Sjølv om det vart tap var karane mest like blide.
Ei grusbane, tørr og støvete som i ein ørken, var arena for kampen. VRF likte tydelegvis ikkje underlaget. Trass i at Lars Urke Hjorthol var kvikk i beina og netta fire gonger, vart det tap. Sunnylvingane gav seg nemleg ikkje før dei hadde 15 ballar i nota. Og det kunne vore langt fleire om ikkje Bjørnar Akselvoll Lade hadde vist gode takter i mål.
Karane ser no fram til skulestart og fotballsparking i friminutta. Her bør dei tenkje mest på forsvarspel, så går det nok betre litt seinare på hausten skal du sjå.