Hipp, hipp hurra for Åge
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Aug 2010
Ein ny velledaling i den sterke 1960-årgangen, Åge Magne Vanebo, fyller femti år i dag
Ettersom Åge er ein viktig person i VIL-miljøet er det ikkje meir enn rett og rimeleg med ei helsing. Åge kjenner grenseområdet mellom Brøvoll og Hjorthol som si eiga bukselomme. Her bur han, og her tvist han best.
Før hadde Åge status, og var høgt respektert som tjuvfiskar, til og med utanom området som sokna til Brøvoll sine heimebøar. Slik fekk han seg posisjonar i Brøvoll Tjuvfiskarlag, men han gjorde aldri fiske til nokon leveveg, jamvel om han sikkert kunne makte det i dei gode tidene på 1970-talet.
Mange damer i dalen har mykje å takke Åge for. Det er nemleg Åge som styrer herretrimmen, og som gjer at mannfolka til minst eit dusin damer held eit anstendig fysisk nivå. Hadde ikkje Åge tolmodig lagt til rette for denne aktiviteten år etter år, tør vi ikkje tenkje på fylgjene. Så damer, takk Åge no når anledningen byr seg!
Elles er det det å seie om Åge at han er ein særdeles påliteleg mann. Han stiller opp der vi treng han. Under Konradløpet har han ei av dei desidert mest krevjande oppgåvene. Medan løparane går over mål, spring Åge dobbelt så langt som løparane for å finne ut kvar i helsike dei har gøymt startnummera sine. Og det kan vere på dei mest forunderlege plassar, skal du vite. Men uansett, Åge finne dei, slik at tidtakarane får sitt.
GRATULERER ÅGE, VI SET PRIS PÅ DEG!