Sterk Jordbærdilt av Hilde i dag.
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Jul 2010
Etter ei heller lang konkurransepause grunna sjukdom, var Hilde Riksheim Tandstad i dag på plass i Valldal som deltakar i Jordbærdilten.
Jordbærdilten er eit 3,2 kilometer langt løp, litt i same ånda som Konradløpet på den måten at fleirtalet av deltakarane er relativt saktegåande. Men nivået mellom dei kring 70 utøvarane i konkurranseklassa held høgt nivå. Svært mange av deltakarane her har bakgrunn frå skimiljøet. Fleire av dei deltek òg i rulleskistafetten som vart arrangert seinare på dag.
Vi har diverre ikkje tidene enno, men vil kome tilbake med dei seinare. Men vi veit at Hilde tok ein sterk fjerdeplass mellom dei kvinnlege deltakarane, der ho vart nest beste sunnmøring, slegen av tre jenter som alle har langrenn som hovudidrett.
Mathea Gjeitnes frå Skåla IL
(ved Molde) vann, føre Anniken Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL. På tredjeplass kom fjorårsvinnaren Synne Korsbrekke frå Rustad IL (ved Oslo), som igjen var nokre få meter føre Hilde. Vi kan nemne at Synne slo Hilde med 34 sekund i fjor. I år var avstanden kring halvminuttet mindre.
Hans Martin Gjedrem vann herreklassa