Storehesten Opp – Stian Mork var der

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jul 2010

Det vrimlar av motbakkeløp for tida. Eit av dei er Storehesten Opp i Sunnnfjord



Det er Gaular IL som er arrangør og årets løp talde med i Norgescupen. Vår mann, Stian Mork, gjorde ein fin figur med ei sluttid på 1.46.52. Det heldt til ein 17. plass i klasse 23-34 år.



Vi kan nemne at John Sombol var raskast til toppen med sluttida 1.06.02


Tidlegare Molde-spelar (og landslagsspelar), Petter Rudi, var om lag på Stian sitt nivå. !.45.53 brukte Rudi, med andre ord 59 sekund raskare enn Stian.