Bøe og to blad Jørgensen på Hellesylt
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jul 2010
Hellesyltløpet vart arrangert laurdag 10.juli med løypelengder på 1560 meter for jenter og gutar, medan dei vaksne måtte springe 6,6 kilometer.
Mellom dei vaksne var det eit sterkt felt i den lengste løypa. Tor Håkon Hellebostad vann på 23.02 føre Knut Anders Hatlen på 23.14. Hatlen reiste rett frå Hellesylt og vann Konrad Extrem i Velledalen. Vi nemner at løpet på Hellesylt starta 14.00, på Brunstad gjekk starten klokka 16.00.
Alf Petter Bøe som representerer Rindals-Troll kom inn på ein sterk 8.plass på den fine tida 24.21. I same klasse kom unge, lovande Robin Jørgensen inn på 27.13, ei tid som heldt til 19 plass.
Bror til Robin, Arnt Åge Jørgensen, starta i den korte løypa. Han kom inn på tida 5.53, som heldt til ein flott tredjeplass.