To mann under 40 minutt i Konrad Extrem
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jul 2010
Knut Anders Hatlen, Stranda IL, vart klar vinnar av Konrad Extrem i år. Med tida 35.49 hadde han klar margin til ein annan spreking, ørstingen Stig Helset, som kom inn på 38.43
Deltakinga var langt frå god. 13 løparar i konkurranseklassa er til å leve med, men 12 i mosjonsklassa (utan tidtaking)er skammeleg lite. Prosjektgruppa bak arrangementet, som tilrådde samkøyring med grillkvelden, har nok alt endra meining.
-Men løypa meiner eg vi no har klar. Vi fekk positive tibakemeldingar på den, men må nok finne eit meir eigna arrangementstidspunkt, seier Geir Helge Grebstad i prosjektgruppa
Det har han heilt rett i. Med like svakt deltakartal i tredje forsøk (2011), er det grunn til å tru at Konrad Extrem vert teke av plakaten.
Ingen kvinner såg seg syn med å delta i konkurranseklassa dette året. Det spara VIL for 500 kroner ettersom bestemannspremien for begge kjønn var på denne summen.
Mats Brune frå Stranda IL var yngste deltakar med sine 14 år, Karstein Sørland, Emblem IL, eldst med sine 81
Resultat Konrad Extrem 2010
Under 20 år:
Mats Brune, Stranda IL 44.00
20-29 år:
Daniel Skoglund, Årdal/Bergen 46.23
Bastian Skogvold, Velledalen 48.46
Jon Runar Drotninghaug, Velledalen 49.36
30-39 år:
Knut Anders Hatlen, Stranda IL,
35.49 (løyperekord)
Stig Helset, Ørsta, 38.43
Widar Fure, Straumgjerde, 43.06
Knut Kristiansen, Oslo, 43.08
Håkon Fedt, Velledalen IL, 43.36
40-49 år:
Bjørn Arve Brune, Stranda IL, 44.24
50-59 år:
Rolf Haxthow, Velledalen IL, 49.04
60-69 år:
Asbjørn Tandstad, Velledalen IL, 55.29
80-89 år:
Karstein Sørland, Emblem IL, 1.13.01
Fylgjande mosjonistar vart registrert:
Knut Hatlen, Per-Gunnar Holmberg, Gunnar Skogvold, Ove Skylstad, Åge Vanebo, Hans Olof Holmberg, Christina Holmberg, Emma Holmberg, Sophia Johanne Holmberg, Ellen Marie Hole, Ann-Helen Hole, Lene Katrine Hole