Vann dyr sykkel

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jul 2010

Per Steinar Linga deltok i Trollstigrittet i helga med stort hell.



Dei fleste kan tenkje seg at dette er eit tøft sykkelritt. Det vert avslutta med 20 kilometer i bratt stigning på svingete vegar.

  Sportsleg var Per Steinar nokre minutt bak dei beste i eit ritt med hard konkurranse. Kurt Asle Arvesen vart nummer to, to hundredel bak NM-vinnaren i terrengsykling.



Alle deltakarane var med i trekningen av ein sykkel i høg prisklasse. Ikkje mindre enn 29 000 kroner i verdi. Og det var her Per Steinar gjekk av med sigeren. Sikkert fin å ha når han må rykkje ut på nattid under lammefødslar.



VIL-nettsida gratulerer!