KONRAD EXTREM I KJØMDA
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jun 2010
10. juli vert Konrad Extrem arrangert for andre gong, men i ny løype.
I fjor vart det arrangert eit prøveløp frå Hjorthol til Koppen i extrem varme med Arve Rindal frå Eid IL som vinnar. I år vert det start på Brunstad. Løypa fylgjer så vegen til Brunstadsætra, der den tek skarpt til venstre og går i rås i sterk stigning oppover mot "Brunstadkøln". Mål vert ved Storevatnet. Løypa er i overkant av fire kilometer og har ei stigning på kring 740 høgdemeter.
Starttider: Mosjonsklasse 14.00-16.00 utan tidtaking
Konkurranse: Fellesstart klokka 16.00 med tidtaking
Startkontingent: Kr 50,- pr pers i mosjonsklasse, kr 100,- pr person i konkurranse Mosjonistane melder seg på ved start. Konkurranseløparane melder seg på til Inger Riksheim (70 25 31 41) eller Atle Hole (70 25 07 49 - 917 43 761), eller ved frammøte løpsdagen. Alle som fullfører får Konrad Extrem sin spesielle medalje. I tillegg vert det premiering av beste kvinne og beste mann
Vi nemner at det er Grillkveld på Brunstadsætra same kveld, med trimgruppa som arrangør. her vert det matservering frå klokka 18.00
Løpet har to drikkestasjonar i tillegg til ved mål.