Gratulerer med overstått til Håvard Olav og Magne

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jun 2010

17. juni var ein stor jubileumsdag i Velledalen, då to personar med band til VIL jubilerte same dag.


Vi får starte med den eldste. Håvard Olav Hole vart 60 år denne dagen. For dei som ikkje visste det; Håvard tok sin tørn som leiar i VIL sitt hovudstyre på 1980-talet. I sine yngre år pjaska han litt med langrenn og skihopping i Hol-bakken. Siste åra har han vorte ein ivrig turgårar og held seg på den måten i strøken form.



Magne ”Magirus” Nilsen måtte nøye seg med 50 år, men ser ut som 32. Han er medlem i langrennsgruppa i VIL, noko han har vore i svært mange år.

  Han er kjend som ein særs pliktoppfyllande kar med mellom anna løypemerking som spesialitet. Det er Magne som har hatt ansvaret for merking av løp som Konradløpet og Fetvatnet Rundt dei siste åra.