Hipp hurra for kyrkja (den norske).

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jun 2010

Kvart sjuande år vert det kollisjon mellom Konradløpet og konfirmasjon på 1.mai.



Det har hendt èin gong tidlegare. Neste gong er 2011, som òg er 10. gong Konradløpet vert arrangert. Det vil seie, det vert ingen kollisjon i 2011, fordi Sykkylven kyrkje har flytte konfirmasjonshelgane bakover. Fyrste konfirmasjonshelg vert helga etter Konradløpet.


Velledalen IL er sjølvsagt svært nøgde med ei slik ordning


-Flott gjort av kyrkje. At løpet er same dag som konfirmasjonsdagen er ikkje det største problemet. Det ville vore fullt muleg å fått med seg begge deler. Men grendahuset let seg ikkje dele på eit konfirmasjonslag og Konradløp, seier leiar i VIL, Atle Hole



Ikornnes kyrkje har konfirmasjon 1.mai.