Perspektiv på livet…

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jun 2010

Det var tøft på Dalsnibba laurdag. Ein ser sjeldan aktive, vaksne idrettsutøvarar må ha hjelp av funksjonærar til påkledning.



Det måtte fleire ha denne gongen. Fordi dei fraus og fingrane ikkje ville lystre. Men èin løpar skilde seg ut på annan måte. Det var hardhausen og slagpasienten frå Hornindal, Ragnar Seljeset. Han var den einaste som sette seg ned i ein stol etter innkomst og såg ut til å nyte stunda. Og han smilte. Tok ein slurk av flaska si og smilte igjen. Kvifor var Ragnar så tilfreds denne dagen?


Han viste fram stoppeklokka som viste 4.09.51


-Det er ny personleg rekord, seier Ragnar til dei få som står rundt han i regn, skodde og blåst.


-Den gamle på var 4.13


-Ny personleg rekord og eg skal under fire timar. Ragnar la vekt på SKAL.



47-åringen Ragnar har delteke årvisst i Geiranger etter han fekk slag for fleire år sidan. Slik set han perspektiv på livet og "frå fjord til fjell"-mønstringa. Laurdag nådde han ein ny milepæle i livet. Og han gjorde det på toppen av Dalsnibba – i ruskevêr.

  



Det same kan seiast om Jan Modell frå Haram. Jan er i siste haldel av 60-åra. Han var tidlegare ein ivrig korsongar, skiløpar og idrettsmann. Men ein tung sjukdomsdiagnose sette ein stoppar for både song og konkurranseidrett.

  Men Jan var på plass i Geiranger laurdag. Der deltok han i Geirangermarsjen. Sjølvsagt lengste løypa – frå fjorden til toppen av Dalsnibba. Same løypa som syklistane og halvmaratonløparane. Og Jan nådde toppen. Blid og smilande møtte han oss, etter 21 kilometer i mest konstant motbakke



   









Så kan ein spørje.


Kven var dei største heltane på Dalsnibba laurdag…?


Kanskje går stemma di nettopp til Jan og Ragnar….?