Gode prestasjonar – krevjande forhold i Geiranger
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jun 2010
854 personar nådde toppen av Dalsnibba (knappe 1500 meter i dag). Der var det grauttjukk skodde, vind, regn og sludd med temperatur mellom 0-2 grader.
Vegen frå Djupvasshytta til Dalsnibba var blaut og blytung. Einaste rekorden vart sett av Hanne Trønnes frå Ottadalen på sykkel. Ho senka kvinnerekorden til 1.18.37. Ein imponerande prestasjon under dei rådande forholda.
Nancy Eggen gjorde det best av våre med ein flott tredjeplass i halvmaraton klasse 40-44 år med tida 2.19.22. Ei sterk tid som gjorde at Nancy vart nummer ni av totalt 28 kvinner. Vi nemner òg at sonen til Nancy, Marius Kalland, vann sykkelklassa 20-29 år med tida 1.21.37. Og at mora deltok i Geirangermarsjen, så her var ikkje mindre enn tre generasjonar representert. FLOTT !!
Same plassering fekk Olaf Øien i klasse 65-69 år. Olaf fekk tida 2.41.26
Rolf Haxthow vart nummer åtte i klasse 55-59 år med tida 2.36.17
På sykkel tok Kenneth Fet ein fin sjetteplass i klasse 17-19 år med tida 1.37.58
Jan Halvard Holmøy vart nummer 41 i klasse 30-39 år med tida 1.41.30. I denne klassa fullførde 102 syklistar
Andre med band til Velledalen:
Mari Straumsheim Leichty nummer seks i klasse 20-29 år på sykkel med tida 2.09.20
Per Steinar Linga nummer fem i klasse 30-39 år med tida 1.18.48
Frode Linga nummer 68 i klasse 30-39 år med 1.59.12
Torstein Hole nummer 33 i klasse 50-59 år med tida 1.49.33