Ny fjør i hatten for Hilde
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jun 2010
I dag vart ”Jentebølgen” arrangert i Ålesund. Vår einaste seriøse friidrettsutøvar – the one and only - Hilde Riksheim Tandstad, braut mållina fyrst.
Heile 1850 kvinnfolk i alle fasongar og alderstrinn deltok. Eit imponerande høgt tal, og ny deltakarrekord i Ålesund. Hilde har tidlegare denne sesongen sett pers på alle distansar. Sett på den bakgrunn var det inga bombe at ho vann ”Bølga” med god margin. Om der ikkje var så mange harde konkurrentar, var likevel dette ei fin fjør i hatten.
Vi gratulerer og ser fram mot neste løp