Frå fjord til fjell – ny styrkeprøve i Geiranger

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jun 2010

Laurdag 12. juni er det "Sjølvpinsla sin dag" i Geiranger. Då skal det springast, gåast og syklast til toppen av Dalsnibba.



Starten er i sentrum, så det er snakk om ein høgdeskilnad på kring 1500 meter i løpet av 21 kilometer. Ingen treng tvile på at dette krev sin mann/kvinne. Arrangøren håper å nå totalt 1000 deltakarar fordelt på turmarsj, miniton, halvmaraton (løp) og sykkel. I fylgje
   arrangøren er fylgjande deltakarar frå Velledalen IL påmelde:


Kenneth Fet (sykkel)


Jan Halvard Holmøy (sykkel)


Olaf Øien (løp)


Rolf Haxthow (løp)


Nancy Eggen (løp)



VIL nettsida vert på plass i Geiranger denne dagen. Sjølv om det er fort gjort å drukne i mengda, håper vi å kunne rapportere om full kvote på toppen. Les nettsida vår både laurdag og sundag.