Velkomen til Nancy
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jun 2010
Ei av dei desidert sprekaste løparkvinnene i bygda, Nancy Eggen, spring no for Velledalen IL
Det er vi glade for, og vi ynskjer Nancy velkomen i klubben. Eldprøva vert altså Geiranger halvmaraton, der ho har delteke fleire gonger tidlegare med stor suksess.
Nancy er ein skikkeleg hardhaus. Vi kan nemne at ho i år vart nest beste kvinne i Konradløpet 1.mai. Seinare same dag, vart ho beste kvinne i motbakkeløpet, Eikenosa Opp, på Emblem. Sprekt og spentig gjort!