Personleg rekord og KM-tittel til Hilde
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mai 2010
Her kjem det glade bodskap til alle friidrettselskarar: Ny KM-tittel til Hilde Riksheim Tandstad i dag.
KM vert arrangert av IL Molde-Olymp. I dag deltok Hilde på 400 meter. Diverre var ikkje deltakinga den aller beste på denne distansen, men Hilde gjorde jobben. Ho senka fjorårspersen frå 63.97 til 63.91. Det heldt til siger i klasse 18-19 år.
I morgon spring Hilde 800 meter. Der vert venteleg konkurransen hardare. Her lyder Hilde sin personlege rekord på 2.28.82. Senkar ho den har ho all grunn til å vere tilfreds med KM-helga. Vi ynskjer lukke til !