Baneopning for Hilde
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mai 2010
Denne helga markerer den seriøse starten på banesesongen for Hilde Riksheim Tandstad. Ho har tidlegare dokumentert god form i Konradløpet og under eit teststemne på Aksla stadion.
Det er Dimnaleikane som vert arrangert denne helga. Tek vi ikkje heilt feil skal Hilde delta på 1500 meter i klasse 18-19 år.
Sidan vi er inne på friidrett tek vi med litt statistikk frå oppslagsboka til Møre og Romsdal
friidrettskrets. Statistikken gjeld for sesongen 2009. Vi tek med alle dei øvingane der Hilde er inne på lista. Ei liste som omfattar alle jenter/kvinner i ei klasse.
400 meter: Hilde Riksheim Tandstad nr 5 med 63.97
600 meter: Hilde Riksheim Tandstad nr 5 med 1. 49.5 (ei tid ho alt har slege i 2010).
800 meter: Hilde Riksheim Tandstad nr.6 med 2.28.82
1500 meter: Hilde Riksheim Tandstad nr 7 med 5.13.48
Lengde: Hilde Riksheim Tandstad nr. 11
med 4.55
Vi tippar Hilde har som mål å springe ned mot bestetida frå i fjor – 5.13.48 – når ho i dag sesongdebuterer på 1500 meter i Ulsteinvik. Resultatet får du på VIL si heimeside i løpet av dagen.