Alf Petter sprang Holmenkollstafetten

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Mai 2010

Det byrjar bli nokre år – nokså nær 25 – sidan sist Velledalen IL deltok i Holmenkollstafetten. Men gledeleg nok, i alle fall ein person busett i Velledalen deltok i stafetten sist helg.



IK Rindals-Troll er ein klubb med stolte tradisjonar. I år mønstra klubben to lag under ”vårens vakraste eventyr”, som Holmenkollstafetten vert kalla. Fyrstelaget tok ein oppsiktsvekkande sterk 8.plass i eliteklassa (tid 50.49), medan vår mann, Alf Petter Bøe, deltok på andrelaget som også gjorde ein flott figur (tid 58.16)


-
  
 Eg sprang etappen som startar ved Monolitten og delvis går gjennom Frognerparken, ein etappe på 1220 meter, fortel Alf Petter som kjem frå Bøfjord i Surnadal, men som representerer nordmørsflaggskipet Rindals-Troll.



Alf Petter har trena godt i det siste. Det viste han ikkje minst i Konradløpet. Tida 15.52 heldt til tredjeplass i år, men er betre enn vinnartida i fleirtalet av dei ni Konradløpa som har vore arrangert. Og det kjem fleire oppgåver
   for 42-åringen utover sommaren og hausten


-
  
 Ja, eg må ha med meg Koldabakken Grand Prix den 26. mai om det høver med jobbturnusen. Eit kort løp, men ein lærer litt om eigen kropp og mjølkesyre ved å delta der. 13. juni stiller eg i Trollheimsløpet, eit seks kilometer langt uttaksløp til St. Olavsloppet, som Rindals-Troll faktisk vann i fjor. Og 26. september sjølvaste rosina i pølsa. Då spring eg Oslo Halvmaraton. Dit plar vi fylle ein minibuss frå klubben, så det er både eit sportsleg og sosialt høgdepunkt, seier nordmøringen som berre har Knut Lium, Sverre Gunnar Brunstad, Nils Terje Skylstad og Kenneth Fet føre seg på lista over dei beste tidene i Konradløpet.


-
  
 Eg vart forresten mektig imponert over Kennth Fet under årets løp. Vi låg såpass tett heile vegen at eg fekk studert han litt. Han er ikkje akkurat løpartype av kroppsbyggning, men kapasiteten hans var imponerande. Kjekt å sjå, seier IK Rindals-Troll sin flotte ambassadør i Velledalen.