Strålande arrangement

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mai 2010


 -Takk for nok eit strålande arrangement, skriv Odd Kvammen i ein e-post til leiaren i Velledalen IL


For dei som ikkje visste det; Odd Kvammen er mannen bak Konradfilmen og ein trufast deltakar i løpet.



No er det slik at arrangøren heile tida strebar etter å bli betre. Difor er det viktig at vi får tilbakemeldingar. Både på det som har fungert godt, og det som er mindre bra. Er egga passeleg kokte, er det øvingar aerobic-instuktøren bør ha med, blandar Øye-Per for sterkt eller svakt, er det for dyrt eller billeg å delta, sakna du russen i år eller var det godt at dei var fråverande…. Og mykje meir. Kom gjerne med synspunkta dine i gjesteboka eller direkte til VIL-styret. Neste år vert løp nummer ti arrangert. Då er målet eit godt arrangement med mange og nøgde deltakarar.