25 prosent av velledalingane deltok i Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2010
Vi har sett nærare på kven som deltok i Konradløpet 2010. Kvar var dei busette desse 299 personane som hadde meldt seg på den 9.utgåva av løpet?
Vi har delt deltakarane i fire grupper. Velledalingar i ei, folk busette i Tandstad skulekrins i den neste, resten av Sykkylven i den tredje og personar utanom Sykkylven i den fjerde.
Tala vart slik:
124 velledalingar
58 frå Tandstad krins
80 frå resten av Sykkylven
37 utanom Sykkylven
Vekspotensialet er heilt klart ikkje stort i Velledalen der 25 prosent av innbyggjarane deltek. Utan at vi eksakt kjenner folketalet i Tandstad krins, vil vi tru deltaklinga der utgjer 5-6 prosent. Det øvrige Sykkylven har ein deltakarprosent på under 1,5.
At deltakinga utanom Sykylven er relativt lav, skuldast mellom anna starttidspunket. Det er berre å ta av seg hatten for personar som kvart år kjem med nattferje og reiser lange vegar for å delta.