Mest menn i Konradløpet i år
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2010
Kvinnene har tradisjonelt hatt eit lite fleirtal i Konradløpet. Men i går fekk mannfolka revansje.
Av dei 299 påmelde syner det seg at 159 var menn, 140 kvinner. Seks av dei påmelde henta ikkje startnummeret og vart difor strokne. Det var fem menn og èi kvinne. Dermed står vi att med 154-139 i mannfolka sin favør. Det vil seie at i overkant av 48 prosent av dei startande var kvinner.
Så spørst det om dette er ein ny trend eller om damene tek tilbake trona under jubileumsløpet (10.gong) neste år.